Ørskog samfunnshus plassert i kart. Klikk i bildet for større kart og navigering

Foajee  i Ørskog samfunnshus er lys og trivelig og er i seg sjølv ein god møtestad i huset. 

Sentralt plassert i huset står Takkesteinen, ein vakker granitt stein utforma av ein lokal kunstnar.

Her finn ein også eit bilete utforma i toveteknikk og som illustrerer Ørskog si nærheit til sjøen og fjorden.

 

 

Storsalen har kapasitet for inntil 460 personar, av dette 200 i amfi med svært gode synsvinklar . Her er det lagt opp for PA i ymse storleikar. Her er også mulig å køyre

større PA for dei meir avanserte framsyningane/konsertane. Scenebelysning både for bakgrunnsbelysning, generell scene og spotbelysning er tilgjengeleg, 

 

 

Småsalen har plass til inntil 95 personar. Ein kan sette opp bord på fleire måtar, plassere

AV-utstyr fleksibelt. Enkel PA er tilgjengeleg. Kan brukast til møter og andre samkomer.

Kjøkkenet er stort og moderne og godt utstyrt for såvel enkel anretning som meir avansert

kokkekunst.

 

Huset er og særs godt eigna og utrusta for å ta imot bryllup, åremålsdagar og andre private

samkomer.

Ein kan leige salane kvar for seg, eller heile huset.