Ørskog samfunnshus plassert i kart. Klikk i bildet for større kart og navigering

Ørskog er om lag det geografiske midtpunktet i Møre og Romsdal fylke. Vakkert og sentralt plassert midt i Storfjordsregionen, 40 minutt frå Ålesund sentrum,  ein time frå Molde, midt i ein bu- og arbeidsregion med 120.000 menneske. Vi meiner å kunne tilby lokale til mange ulike aktørar og til mange ulike aktivitetar - både for lokale og meir "perifere" arrangørar. 

Ørskog samfunnshus ligg midt i Sjøholt sentrum, berre eit minutt frå stoppestaden til TIMEEKSPRESSEN. Her stoppar sørgåande buss frå Kristiansund og Molde, og nordgåande buss frå Volda/Ørsta og Ålesund. Bussane til Fjord1 med godt samband til Stordal /Valldal / Geiranger og Ålesund har heimebase her. Kjem du med bil, er det lett å finne gratis parkering i nærleiken.

Vi kan såleis skryte på oss sentral plassering for kurs og dagmøter i fylket.

Ørskog samfunnshus tilbyr i dag fleksible løysingar for leige i samband med møter og konferansar.Frå ei enkel løysing der ein kjem til opplåste lokaler og ordnar seg meir eller mindre sjølv til ferdige pakkeløysingar som inneber servering av mat og forfriskningar i løpet av arrangementet.

Vi tilbyr konferansesal der ein enkelt kan rigge til for 70-80 delegatar.

Multimedialøysing med trådlaust internet og enkel lydpakke anten med ulike mikrofonløysingar.

Ta kontakt for eit uformelt tilbod.

  

 

Om møtelokala:

 

 

Sidesalen:

Møte / konferanse / kurs / føredrag / seminar for inntil 95 personar. Klasserom eller anna bordoppstilling, AV-utstyr, muligheit for enkel PA.

Storsalen:

Møte / konferanse / kurs / føredrag / seminar m.m. for inntil 300 personer, herav 200 i amfi med svært god innynsvinkel. Stort kinolerret. Muligheit for større PA og scenebelysning.

Kjøkken:

Stort, moderne, godt utstyrt kjøkken som høver både til produkjson og anretning av så vel enkel møtekost som meir avansert kokkekunst.

Generelt:

Moderne AV-utstyr, trådløst internett, svært sentralt.