Ørskog samfunnshus plassert i kart. Klikk i bildet for større kart og navigering

 

Om Ørskog og Ørskog samfunnshus: 

Ørskog er omlag det geografiske midtpunktet i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg vakkert til ved Storfjorden, sentralt mellom Ålesund og Molde - midt i ein arbeids- og kulturregion med 120.000 menneske. Ørskog kan difor vere ein særs aktuell møte- og kursstad, eller eit kultursentrum.

Og Ørskog samfunnshus ligg her i sentrum av tettstaden Sjøholt, administrasjonssenteret i Ørskog kommune, som eit ypperleg lokale både til møter, kurs og kulturelle aktivitetar. Her finn ein også idrettshall, symjehall, skule, lokalavisa Bygdebladet, forskjellige butikkar og serviceinstitusjonar, overnatting, småbåthamn og alt anna ein reknar til eit levande lokalsamfunn.

Kommunikasjon:

Timeekspressen og Fjord1 Buss Møre knyt saman regionen med god regularitet. Stoppestaden ligg like ved samfunnshuset.

God og gratis parkering for dei som kjem hit med bil.

Bussamband for dei som reiser med fly eller tog.

Småbåthamn med gjesteplassar, diesel og renovasjon.

Mat /servering:

Kjøkkenet står til disposisjon for dei som måtte ønske å ordne seg sjølv.

Elles driv Sjøholt catering berre 100 meter frå huset og leverer raskt og presis. Ein finn Systra cafè med smårettar og middagsservering rett over vegen, Spiseriet Sjøholt mix og Shell Stopp 69 for enklare mat, og Fjellstova med kafédrift på Ørskogfjellet.

Overnatting:

Ørskog motell, 8 utleigerom.

Sjøholt camping med 5 store og 4 mindre hytter

Fjellstova på Ørskogfjellet med 15 små hytter.

Under større arrangement (stemner o.l.) kan ein også nytte Sjøholt skule til innkvartering.

Anna:

Ørskoghallen, med 22x44 m aktivitetsflate, tribuneanlegg.

Ørskog stadion, med to baner og tribune.

Symjehall ved Sjøholt skule

Fiske i sjø og elv.

Friluftsrådet for Ålesund og omland har kontoradresse Sjøholt.

Solnør gaard golfbane

Ørskog kyrkje, blir med rette kalla "Storfjordens katedral"

Lokomobilen

Tur i fjell og fjøre, m.a. Liafjellet, Vaksvikfjellet, Dynjafossen, Kvanndalssetra....

 

Om huset og drifta:

Ørskog samfunnshus stod ferdig i 1988, som eit resultat av dyktig organisering og stor dugnadsinnsats.

Huset blei finansiert av private og bedrifter i kommunen, saman med lag og organisasjonar, som eit andelslag. Største andelseigar er Ørskog ungdomslag, som gikk inn med midlane frå den tragiske brannen som la bygda sitt tidlegare forsamlingshus i ruiner. Utan offentleg tilskott, stor og velvillig medverknad frå Ørskog sparebank og velvilje frå Ørskog kommune hadde det imidlertid ikkje blitt noko hus.

Også drifta har vore basert på stor andel dugnad. Huset er "samfunnet sin eigedom", og mange har gjennom år ytt stor innsats for å drive og vedlikehalde huset. Om nokon skal trekkast spesielt fram, må det bli "venneforreninga" til huset, kalla "Snurp", som i alle år har vore ein "Klubb" som har organisert basarar og messer, samla inn midlar osb. og tilført huset vesentlege midlar. Mellom anna var det "Snurp" som stod for finansieringa av nytt kjøkken i 2005.

Fortsatt blir mykje av drifta basert på firvillig innsats, og både utleige, vask, mindre vedlikehald, sceneteknikk, kino og anna blir utført av personar som er glade i huset og kulturlivet, og står på utan å skrive timar "med gaffel."...

Formålet til huset er å vere eit hus for lokalsamfunnet. Formålet er ikkje profitt, men ein må likevel få inn nok kroner til fornuftig vedlikehald og drift, samt kunne gjere påkostingar når det trengs. Dette kan vere ein balansegang mellom leigeprisar, utleigebelegg og kostnader. Vi vil at huset blir brukt, og at det forblir ein institusjon i samfunnet vårt, som det har vore sidan 1988.

 



 

 
 

Samfunnshuset i Google-kartet....


.!