Ørskog samfunnshus plassert i kart. Klikk i bildet for større kart og navigering

Scene

Scene

Kva kan huset brukast til?

I huset si historie har her vore korpskonsetar, rockekonsertar, korstemner, teater, revyar, dansefestar og alt anna..... Både artistar, arrangørar og tilhøyrarar har i alle år lete vel om huset og scenerommet sine kvalitetar.

Golvarealet frå amfi til scenebotn er flatt og kan om ynskjelig nyttast slik det er,men her er også ei demonterbar scene som enkelt kan byggjast opp slik ei måtte ynskje.

Scenerommet og storsalen i Ørskog samfunnshus har eit svært godt renome for sin utmerka akkustikk.

Huset har sjølv det ein kallar ei sceneteknisk grunnutrustning, med lys og lyd som er tilstrekkeleg til mange arrangement. Til større arrangenent kan flyttbare anlegg enkelt trillast inn og plasserast.

Maksimal kapasitet er 560 publikumsplassar. Ev. avvik etter avtale med den lokale brannsjefen

 

Her er også ein god kinosal, med framsyningar minst ein gong i veka. Ørskog kino vart i 2010/2011 bygd om til digitale media. Dermed kom både lydanlegg for digital 5.1 lyd og utstyr for visning av digital film på plass . Som ei krone på verket vart det beslutta at ein også skulle få på plass utstyr for 3D visning.

Med eit stort kinolerret på 4,5x10m og hypermoderne digitalt lydanlegg er det mulig å syte for at kino opplevinga er den aller beste.